Innstilling frå kommunedirektøren:
Fyresdal kommune stør framlegget om «Heim for ein 50 lapp» versjon 2025, med fylgjande retningsliner:
Ungdommen sjølv kan avtale transport med drosjenæringa om dei veit om større arrangement. Dei må då vite at dei «brukar av» det tal turar ein har blitt einige om kvart år.
Ungdomen må sjølv kunne sei noko om talet på besøkande på arrangement. Det må vere minimum 10 personar som trenger transport pr. arrangement
Drosjene vurderer sjølv om dei kan stille med drosje eller ikkje, dei vil bruke buss for å samle så mange så mogleg på kvar tur, der det er mogleg.
Aldersgrense 16-25 år. Yngre kan og sjølvsagt køyre med
Turane bør bestillast så god tid som mogleg i forkant, jo tidlegare bestillinga til drosja kjem, jo større er sjansen for at drosjenæringa kan stille.
Det er Fyresdal Taxi som skal kontaktast, telefonnummer 953 03 500
Oppstart 01.04.2025 med maksimum seks turar pr. år.
Dette vil vere ei prøveordning ut året i 2025.
Alle turar må vere innafor kommunegrensa.
Drosjenæringa får ei godtgjering på kr 5.000,- for kvart arrangement, med fråtrekk av eigedel. Med løyving frå 1261.170.