Innstilling frå kommunedirektøren:
Kommunestyret finn grunn til å ta klagen frå Anita og Leif Arild Rønning til følgje med bakgrunn i at området er LNF- område med spreidd hyttebygging.
I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå punkt 1.4 i føresegnene til kommuneplanens arealdel, jf. punkt 4.2.2 - plankrav skal vurderast, for å oppgradere sanitær standard til svartvatn på gbnr 25/63.
Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år fell også tillatinga bort.
Det må søkjast om utsleppsløyve på vanleg måte.
Behandling
Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka
Vedtak
Innstilling frå kommunedirektøren: vedteke med 11 mot 5 stemmer.
FOR
Fyresdal Arbeiderparti (3/8)
- Erik Skjervagen
- Aud S. Lukassen
- Nils Vidar Pettersen
Fyresdal Senterparti (8/8)
MOT
Fyresdal Arbeiderparti (5/8)