Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
09:47 Innstilling frå kommunedirektøren:
Fyresdal kommune ynskjer igangsetjing av forprosjekt for å utgreie moglegheitar for eit friluftsbad i Fyresdal.
Forprosjektet skal munne ut i Fase 1 – Forprosjekt (2025–2026):
o Levere søknad til nasjonal ordning «God og trygg tilgang til naturen»
o Utgreiing av tekniske løysingar
o Brukarmedverknad og designprosess med universell utforming
o Konsept for drift og organisering – kva er gratis, kva er kommersielt og kven held anlegget ved like.
o Finansieringsplan og søknadsskriving – prosjektet skal vere ferdig finansiert før iverksetjing av fase 2 som er gjennomføring av prosjektet.
o Driftsmodell, kven eig og driftar
Og er tenkt finansiert slik;
o Telemark Fylkeskommune ATP mildar 80 000 kroner
o Arendal Vasdrags Brugseierforening 50 000 kroner
o Renter Skogfond 20 000 kroner
o Fyresdal kommune inntil 300 000 kroner, i tillegg kjem eigeninnsats i form av arbeidstimer
Formannskapet løyver inntil kroner 300 000 frå næringsfondet.
Fase 2 av prosjektet skal opp til ny vurdering når forprosjekt og finansieringsplan er klar.