Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kontrollutvalet:

Kommunestyret tek forvaltningsrevisjonsrapporten «Bemanning og sjukefråvær – Pleie og

omsorg» til vitande. Kommunestyret ber kommunedirektøren om å:

  1. sørge for å ha oversikt over dei tilsette sin kompetanse og opplæringsbehov
  2. rapportere sjukefråvær korrekt og i samsvar med gjeldande krav
  3. klargjere/eventuelt fastsette mål for sjukefråvær
  4. gjennomføre årlege risikovurderingar i alle einingar, i tråd med forskrift og eigne rutinar, og bruke desse som grunnlag for HMS-arbeidet
  5. sørge for rutinar knytt til HMS-arbeid og oppfølging av sjukemelde er klare og tydelege

Kommunestyret ber kommunedirektøren om å gi ei skriftleg attendemelding til kontrollutvalet innan 31.03.26 om korleis rapporten er følgt opp.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling frå kontrollutvalet: samrøystes vedteke.