Innstilling frå formannskapet:
Årsbudsjett 2026 og Økonomiplan 2027 – 2029 for Fyresdal kommune vert vedteke slik det ligg føre.
Nettorammer for sektorane vert som fylgjer:
Måltal for økonomiplanperioden:
- Det skal vere eit netto driftsresultat på minimum 4%
- Lånebelastninga på driftsbudsjettet skal ikkje auke
- Disposisjonsfondet skal minst vere på 10% av driftsinntektene.
Det skal vere 100 % inndekning på sjølvkostområda vatn, kloakk, slam, renovasjon og feiing.
Låneopptak i 2026 :
Kr 5 000 000,- i opptak av startlån frå Husbanken til vidareutlån
Behandling
Knut Lofthus () fremja følgjande tilleggsforslag på vegne av FSP, FAP:
Plan og miljøutvalet ynskjer å fullføre lyssettinga på Molandsmoen fra fylkesvegen og inn mot nyetablerte lysmaster ved avkjøring TKV, 3 master.
I tillegg ynskjer ein å lyssette vegen langs ned mot MHM AS, samt stikkvegane inn mot TIL maskin og stikkvegen ned langs Nedrebø maskin, 15 master.
Pris pr. mast ca. kr. 40.000,-
3 master fra fylkesvegen til TKV: kr. 40.000 X 3 = kr.120.000,- eksl.mva
18 master heile området: kr. 40.000,- X 18 = kr. 720.000,- eksl.mva
Investeringa lånefinansieres.
Vedtak
Knut Lofthus () sitt tilleggsforslag samrøystes vedteke.
Innstilling frå formannskapet: samrøystes vedteke.