Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå formannskapet 03.12.2025

Fyresdal kommune skriv ut eigedomskatt etter desse vilkåra:

For eigendomsskatteåret 2026 skal det skrivast ut eigedomsskatt etter eigedomsskattelova §3 fyrste ledd bokstav d. (gjeld på næringseigedom, kraftanlegg, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum)

Den alminnelege eigedomsskattestasen for skatteåret 2026 er 7 promille jfr. eigedomsskattlova § 11 fyrste ledd.

Eigedomsskatten skrivast ut i to terminer, jfr. eigedomsskattelova § 25 fyrste ledd. Fyrste termin har forfall 20. mars og andre termin har forfall 20. september.

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling frå formannskapet 03.12.2025 samrøystes vedteke.