Vurdering av konsesjonsgrense 0 i Fyresdal kommune
Forslag frå E. Skjervagen (FAP)
Fyresdal kommune ynskjer ikkje konsesjonsgrense 0 i heile eller deler av kommunen.
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren:
Fyresdal kommune sender sak om å innføre nedsett konsesjonsgrense på høyring.
Høyringssaka vert lagt på heimesida til Fyresdal kommune. Det er høve for alle å kome med svar.
Administrasjonen får fullmakt til å formulere høyringsbrevet ut frå lovverket som finst. Det blir bedt om tilbakemelding og grunngjeving på desse punkta:
1)Skal Fyresdal kommune innføre nedsett konsesjonsgrense, jf konsesjonslova § 7.
2)Kommunen kan velje om berre unntaka i § 4 skal setjast ut av kraft (pkt a)-c)), eller om
forskrifta også skal innehalde unntak frå slektskapsunntaket i § 5. Ei forskrift etter
konsesjonslova § 7 kan gjelde følgjande eigedomar:
a. Bygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad
b. Eigedom med bygning som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, under dette
eigedom med bygning som er under oppføring dersom eigedomen ligg i område
som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadformål
c. Ubygd tomt som er regulert til bustadformål
3)Konsesjonsfridomen kan setjast ut av kraft for heile kommunen, eller eit nærare definert
område av kommunen. Kommunen kan ikkje velje ei eiga arealgrense. Kommunen må
velje mellom lovas arealgrense på 100 dekar eller arealgrense 0.