Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren:

Fyresdal kommune sender sak om å innføre nedsett konsesjonsgrense på høyring.

Høyringssaka vert lagt på heimesida til Fyresdal kommune. Det er høve for alle å kome med svar.

Administrasjonen får fullmakt til å formulere høyringsbrevet ut frå lovverket som finst. Det blir bedt om tilbakemelding og grunngjeving på desse punkta:

1)Skal Fyresdal kommune innføre nedsett konsesjonsgrense, jf konsesjonslova § 7.

2)Kommunen kan velje om berre unntaka i § 4 skal setjast ut av kraft (pkt a)-c)), eller om

forskrifta også skal innehalde unntak frå slektskapsunntaket i § 5. Ei forskrift etter

konsesjonslova § 7 kan gjelde følgjande eigedomar:

a. Bygd eigedom som er eller har vore i bruk som heilårsbustad

b. Eigedom med bygning som ikkje er teken i bruk som heilårsbustad, under dette

eigedom med bygning som er under oppføring dersom eigedomen ligg i område

som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadformål

c. Ubygd tomt som er regulert til bustadformål

3)Konsesjonsfridomen kan setjast ut av kraft for heile kommunen, eller eit nærare definert

område av kommunen. Kommunen kan ikkje velje ei eiga arealgrense. Kommunen må

velje mellom lovas arealgrense på 100 dekar eller arealgrense 0.

Behandling

Erik Skjervagen (Fyresdal Arbeiderparti) fremja følgjande forslag:

Fyresdal kommune ynskjer ikkje konsesjonsgrense 0 i heile eller deler av kommunen.

Vedtak

Innstilling frå kommunedirektøren: vart sett opp mot Erik Skjervagen (Fyresdal Arbeiderparti) sitt forslag

Erik Skjervagen (Fyresdal Arbeiderparti) sitt forslag vart vedteke med 3 mot 13 stemmer.

Innstilling frå kommunedirektøren

Fyresdal Arbeiderparti (1/9)

  • Liv Nærum

Fyresdal Senterparti (2/7)

  • Marini Van Terheijden
  • Janne Lunden Teksle

Forslag frå E. Skjervagen (FAP)

Fyresdal Arbeiderparti (8/9)

Fyresdal Senterparti (5/7)