Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren:

Med heimel i kommunelova § 11-8 gjer formannskapet følgjande hastevedtak:

  1. Fyresdal kommune kjøper Tøddelia 1, seksjon 1, til ein kjøpesum på kr 1,95 mill. + omkostningar .
  2. Fyresdal kommune kjøper Tøddelia 9, seksjon 5, til ein kjøpesum på kr 3,2 mill. + omkostningar .
  3. Kommunedirektøren vert gitt fullmakt til å kjøpe seksjon 7 i Tøddelia , dersom denne vert lagt ut for sal, til ein kjøpesum på kr 3,2 mill. + omkostningar .
  4. Fyresdal kommune gjennomfører tilbakekjøp av tomt nr. 8 i Moghusfeltet til ein kjøpesum på kr 115 000 + omkostningar.
  5. Kjøpesum for tuntomter i Tøddelia vert fastsett til kr 75 per m².

Kjøpa vert finansierte gjennom sal av næringsareal på Molandsmoen og vidare sal av tomt i Moghusfeltet .

Hastevedtaket vert lagt fram for kommunestyret som orientering .

Behandling

Det vart ikkje fremja forslag under behandlinga av saka

Vedtak

Innstilling frå kommunedirektøren: samrøystes vedteke.