Innstilling frå kommunedirektøren:
I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå LNF føremålet i kommunedelplan for sentrum, for å utvide uttaksområde for Kølbotn masseuttak som angitt i søknad.
Vilkåra for å kunne gje dispensasjon er tilstades, retningsline for LNF-området blir ikkje vesentleg sett til side og fordelane ved dette uttaket er klart større enn ulempene.
Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år, fell også tillatinga bort.
Det må søkjast byggjeløyve på vanleg måte, jfr. Pbl §20-1
Vedlegg
Tilleggsforslag frå J. L. Teksle (FSP)
Området må sikrast etter lover og regler.
Vedlegg
Alternativt forslag
I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå LNF føremålet i kommunedelplan for sentrum, for å utvide uttaksområde for Kølbotn masseuttak i ein mindre del av omsøkt område, begrenset til kote 310 moh.
Dispensasjonen gis med vilkår om at det umiddelbart settast i gang utarbeiding av reguleringsplan for heile området, denne skal innehald NiN-kartlegging, støy utgreiing, utgreiing av forureining og eventuelle alle naudsynte utgreiingar.
Vilkåra for å kunne gje ein avgrensa dispensasjon er tilstades, retningsline for LNF-området blir ikkje vesentleg sett til side og fordelane ved tillate eit avgrensa uttak med vilkår om utarbeiding av reguleringsplan er klart større enn ulempene.
Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år, fell også tillatinga bort.
Uttaket må søkje om konsesjon frå direktoratet for mineralforvaltning.