Innstilling frå kommunedirektøren:
Kommunedirektøren rår kommunestyret til å gjere slikt vedtak:
1.Flyplassen i Fyresdal blir stengd for flytrafikk og andre arrangement frå og med 1. oktober 2026.
2.Flyplassen blir opna att for landing og anna ordinær bruk frå og med 1. mai 2030.
3.I stengingsperioden kan delar av området vurderast nytta til annan mellombels aktivitet i tilknyting til utbyggings- og anleggsarbeidet, dersom dette skjer innanfor gjeldande regelverk og nødvendige løyve.
4.Den midlertidige stenginga er ikkje til hinder for gjennomføring av dragrace i 2028, føresett at arrangementa blir planlagde og gjennomførte på ein forsvarleg måte i samordning med kommunen og dei pågåande anleggsaktivitetane.
5.Kommunedirektøren gis fullmakt å innvilge dispensasjon frå den midlertidige stenginga dersom tilhøva tilet det.
Vedlegg
Forslag frå FAP
Fyresdal arbeiderparti ynskjer ikkje å leggje betongverket i sørenden av flyplassen og heller ikkje stenge for aktiviteter på flyplassen.