Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
11:24 Innstilling frå kommunedirektøren:
I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå LNF-føremålet i kommuneplanen sin arealdel, for å etablere masseuttak for plastringsstein i Øysæ magasin og til å ta ut lausmasser i tidlegare uttak ved Skåltjønn og Valevatn slik det er søkt om.
Vilkåra for å kunne gje dispensasjon er tilstades. Retningslinene til LNF-føremålet blir ikkjevesentleg tilsidesett og fordelane vil vere klart større enn ulempene.
Det gis ikkje dispensasjon til etablering av parkeringsareal ved Skåltjønn med bakgrunn i at det ikkje er noko udekt behov i området.
Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år, fell også tillatinga bort.
Det må søkjast byggjeløyve på vanleg måte, jfr Pbl § 20-1.
Gebyr for søknad om dispensasjon frå kommunedelplan kr 9 900,- sendast Arendals Vasdrag Brugseierforening.