Innstilling frå kommunedirektøren:
Kommunedirektøren tilrår at kommunestyret gjer følgjande vedtak:
· Kommunestyret tek vurderinga av aktuelle lokaliseringar for etablering av hotell i Fyresdal til orientering.
· Kommunestyret meiner at ei hotelletablering i Fyresdal vil vere eit viktig tiltak for å møte behovet som følgje av kommunen si satsing på datasenteretableringar, tilhøyrande industri og annan næringsutvikling, og for å styrkje reiselivet, Folkestadbyen og lokalsamfunnet.
· Kommunestyret legg til grunn at hotellet også skal kunne ha ein viktig funksjon som arena for opplæring, trening, tekniske samlingar, kurs og møteverksemd knytt til datasenteraktørar, deira kundar og annan industri.
· Kommunestyret legg til grunn at vidare planarbeid skal vurdere hotell i storleiksorden 70-100 rom, med tilhøyrande restaurant, kurs- og konferansefasilitetar, møtekapasitet, opplæringsfasilitetar, parkering og nødvendige driftsfunksjonar.
· Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeid med omregulering av Meierigården med sikte på mogleg etablering av hotell.
· Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeid med omregulering av området ved Kulturhuset, omtalt som Kulturhuset-plasseringa, med sikte på mogleg etablering av hotell.
· Planarbeidet skal gjennomførast etter plan- og bygningslova, og skal avklare nødvendige forhold knytt til arealbruk, trafikk, parkering, landskap, naboverknader, sentrumsutvikling, universell utforming, møte-, opplærings- og serveringsfunksjonar og andre relevante tema.
· For Meierigården skal planarbeidet særleg avklare arealbehov, behov for parkeringskjellar eller andre parkeringsløysingar, kostnader knytt til kjøp og frikjøp av eksisterande eigedomar, tilkomst, parkering, byggehøgder, naboverknader og verknader for innfarten til Fyresdal sentrum.
· Kommunestyret legg til grunn at kostnadsnivået for å sikre Meierigården-tomta, inkludert kjøp av tomt og hus, eventuell riving, parkering og tilrettelegging, vil vere eit vesentleg moment før endeleg val av hotellplassering blir gjort.
· For Kulturhuset-plasseringa skal planarbeidet særleg avklare trafikktryggleik, omsynet til barn og unge, tilkomst, parkering, mogleg sambruk med Kulturhuset, behov for riving eller omdisponering av eksisterande bygg og samla arealbehov.
· Bryggeparken blir ikkje prioritert for oppstart av omregulering i denne omgang. Kommunedirektøren skal avvente vidare avklaringar knytt til statleg sikring, mogleg frigjering av arealet og lokal/politisk vurdering av om området er eigna for hotellformål.
· Stykkevika blir ikkje prioritert for oppstart av omregulering i denne omgang, hovudsakleg på grunn av avstanden til sentrum og svakare bidrag til ønskt stadutvikling.
· Foldsæ blir ikkje prioritert for vidare arbeid i denne saka, hovudsakleg på grunn av avstanden til sentrum og svakare bidrag til ønskt utvikling av Folkestadbyen.
· Kommunestyret tek til orientering at det også er vurdert andre alternativ, mellom anna kjøp av privat tomt og ombygging av Fyresdal Næringshage til hotell kombinert med nytt kommunehus, men at desse alternativa ikkje blir vurderte som realistiske eller gjennomførbare i denne saka.
· Det blir sett av inntil kr 500 000 til oppstart av omreguleringsarbeid, planfagleg bistand og nødvendige utgreiingar knytt til Meierigården og Kulturhuset-plasseringa. Midlane blir finansierte frå dei 4 millionane som kommunestyret sette av til ekstrautgifter i samband med datasenteretablering.
· Kommunedirektøren kjem tilbake til kommunestyret med eiga sak når planarbeidet har avklart om eitt eller begge områda kan leggjast fram som konkret reguleringsforslag for hotellformål.
Vedlegg
Forslag frå R. Libjå (FSP)
Punkt ang Bryggeparken blir fjerna, og erstattet med:
· Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeid med omregulering av Bryggeparken med sikte på mogleg etablering av hotell.
Vedlegg
Endringsforslag frå K. S. Thoresen (FSP)
Det fremmes nytt alternativ med mogleg plassering av hotell i Fyresdal.
Reinseanlegget
Flytting av reinseanlegget vil ha ein positiv verknad på området. Lukt frå anlegget har lenge vore til ulempe for bebuarane i nærleiken. Det gjev heller ikkje noko godt inntrykk for turistane og brukarane av tretoppvegen. Tomta er om lag 4.000 m2 og plassering av eit hotell her kan passe godt saman med Næringshagen der båe kan dra nytte av kvarandre med tanke på konferanse og mattilbod. Flytting av reinseanlegget vil ha ein kostnad som må avklarast, men med tanke på staden vil nok denne tomta ha ein høgare verdi, som kan gå inn i finansieringa av eit nytt anlegg.
Kommunen er grunneigar her, noko som også kommunedirektøren i saksutgreiinga ser som ein klar fordel.
Endringsframlegg:
Nytt strekpunkt etter avsnitt 7:
· Kommunestyret ber kommunedirektøren starte arbeid med omregulering av Reinseanleggstomta med sikte på mogleg etablering av hotell.
Vedlegg
Tilleggsforslag frå E. Skjervagen (FAP)
Løyinga aukast med kr 250 000,-. til totalt kr 750 000,- til utarbeiding av reguleringsplanar.