Hopp til hovudinnhaldet

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstillinga kjem med to alternativ.

Alternativ 1 – Framdrift dagsturhytteprosjektet

Framlegg til vedtak

1.Fyresdal kommune går vidare med dagsturhytteprosjektet, og at det blir arbeidd vidare med etablering av dagsturhytte.

2.Framlegg til mogleg lokalisering er i prioritert rekkefylgje:

Kilegrend, Birtedalen og Stykkjevika.

Dersom det kjem andre gode alternativ fram undervegs i prosessen, har administrasjonen fullmakt til å jobbe vidare med dette.

3.Prosjektet blir gjennomført innanfor dei økonomiske rammene som tidlegare er skissert, og at det blir inngått nødvendige avtalar om grunn, drift og vedlikehald.

4.Kommunestyret får ferdig konsept på eitt framlegg til dagsturhytte til handsaming når prosjektet er ferdig planlagd og budsjettert.

Alternativ 2 – Avslutte arbeidet med dagsturhytteprosjektet

Fyresdal kommune avsluttar arbeidet med dagsturhytteprosjektet. Bakgrunnen er ei samla vurdering av økonomi, kapasitet, prioriteringar og nytteverdi. Det er ikkje ynskjeleg å prioritere no i forhold til øvrige behov og strategiske satsingar.

Ved å avslutte prosjektet frigjer kommunen ressursar som kan nyttast til andre tiltak innan friluftsliv, nærmiljø og folkehelse, der ein kan oppnå større effekt for fleire innbyggjarar.

Framlegg til vedtak:

1.Fyresdal kommune avsluttar arbeidet med dagsturhytteprosjektet.

2.Eventuelle pågåande avklaringar, avtaler eller førebuingar knytt til prosjektet blir avvikla.

Behandling

Innstilling frå kommunedirektøren::

Votering:

fallen med 12 mot 5 stemmer.

FOR

Fyresdal Arbeiderparti (5/9)

MOT

Fyresdal Arbeiderparti (4/9)

  • Rita Tuften Metveit
  • Aud S. Lukassen
  • Nils Kristian Moe
  • Nils Vidar Pettersen

Fyresdal Senterparti (8/8)

Olav Kiland (Fyresdal Senterparti) fremja følgjande endringsforslag:

Fyresdal kommune vil fortsette arbeidet med etablering av dagsturhytte i Kilegrend.

Votering:

vedteke med 15 mot 2 stemmer.

FOR

Fyresdal Arbeiderparti (7/9)

Fyresdal Senterparti (8/8)

MOT

Fyresdal Arbeiderparti (2/9)

  • Nils Kristian Moe
  • Liv Nærum

Vedtak

Olav Kiland (Fyresdal Senterparti) sitt endringsforslag