Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Behandlet

Fyresdal Gjestehus AS vert innvilga tilskot frå næringsfondet på kr 28 338, tilsvarande 20 % av godkjent kostnadsgrunnlag etter justering av budsjettpostar og fråtrekk av investeringar vurdert som lausøyre.

‎

Tilskotet vert gitt med følgjande særvilkår:

a) Tilbodet skal vere ope gjennom høgsesongen i kommunen, frå mai til oktober, med eit minimumskrav om drift i juni, juli og august. Tilbodet skal vere tilgjengeleg gjennom både kvardagar og helger slik at kommunen har eit serveringstilbod som både innbyggjarar, besøkande og arbeidarar tilknytt datasenteret kan nytte.

‎

b) Tilskotsmottakar skal arbeide aktivt med marknadsføring og synleggjering av tilbodet gjennom relevante kanalar og bidra til reiselivsutviklinga i kommunen.

c) Investeringane skal nyttast til kommersiell drift på aktuell adresse i regi av tilskotsmottakar.

‎

d) Dersom den kommersielle drifta vert avvikla eller flytta innan fem år frå utbetalingstidspunktet, kan Fyresdal kommune krevje heil eller delvis tilbakebetaling av tilskotet.

‎

Tilskotet skal takast frå næringsfondet, saldo pr 20 mai 2026, 530 000 kroner.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå R. T. Metveit (FAP)

Forslag Behandlet

Søknaden blir avslått. Begrunnelse er at Fyresdal Bed&breakfast har fått mye tilskudd fram til nå.

Vedlegg

Les meir expand_more