Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
10:59 Innstilling frå kommunedirektøren:
Formannskapet som klagenemnd tek ikkje klagen frå Runar Olsen til følgje.
Formannskapet som klagenemnd viser til at avløpsanlegget/tette septiktankar på gbnr. 43/49 og 43/50 er etablert utan nødvendig planavklaring, byggjeløyve og utsleppsløyve.
Formannskapet som klagenemnd kan ikkje sjå at klagen inneheld nye faktiske eller rettslege opplysningar som gir grunnlag for å endre kommunen sitt vedtak/svar av 19.09.2025 i sak 2021/1548-16.
Formannskapet som klagenemnd legg til grunn at EU sitt reviderte avløpsdirektiv ikkje gir klagar ein sjølvstendig rett til å få godkjent eit allereie etablert avløpsanlegg som manglar nødvendige løyve etter norsk regelverk og gjeldande planstatus.
Saka blir sendt til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for endeleg klagehandsaming.