Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Behandlet

I medhald av Plan- og bygningslova § 19-2 blir det gjeve dispensasjon frå LNF føremålet i kommuneplanen sin arealdel, for etablering av veg som angitt i søknad. Vilkåra for å kunne gje dispensasjon er tilstades, tiltaket går ikkje på bekostning av naturen eller ålmenta og betrar tilgangen til hytta i eit beredskapsomsyn.

Vegen må byggast skånsamt og skråningar dekkast til med toppmassane som takast av i traseen. Vegen må vere brei nok for utrykkingskøyretøy.

Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år, fell også tillatinga bort.

Det må søkjast byggjeløyve på vanleg måte, jfr. Pbl §20-1

Gebyr for søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel; kr 9 900,- sendast Knut Olav Åsen.

Vedlegg

Les meir expand_more