01
Innstilling frå kommunedirektøren:
Innstilling
Behandlet
Kommunedirektøren tilrår at NORDBYGDI PUB- OG BARDRIFT AS får innvilga investeringstilskot tilsvarande 20 prosent av reelle, dokumenterte og godkjende investeringskostnadar til etablering av Budeia Pub i Fyresdal.
Endeleg tilskotsbeløp blir fastsett på grunnlag av dokumenterte investeringskostnader før utbetaling.
Særvilkår for støtta
Dersom Formannskapet ønskjer å gå inn med støtte til etablering av Budeia Pub, skal følgjande særvilkår liggje til grunn:
- Det blir teke atterhald om at nødvendig serverings- og skjenkeløyve blir innvilga.
- Før utbetaling skal det leggjast fram dokumentasjon på driftsorganisasjonen, inkludert kven som har det operative ansvaret for den lokale drifta.
- Støtte skal gå til prosjektet Budeia Pub i Fyresdal og ikkje inngå som ein del av drifta i Seljord.
- Lokalet skal vere godkjent for den aktuelle bruken og vere i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og andre krav som gjeld for serverings- og skjenkeverksemd.
- Utbetaling skjer først når det er lagt fram dokumentasjon på faktiske og påløpte investeringskostnader.
- Det skal før utbetaling liggje føre eit oppdatert og balansert investeringsbudsjett og ein finansieringsplan der det kjem fram kva som utgjer eigenkapital og kva som utgjer eigen innsats.
- Tilskotet blir avgrensa til 20 prosent av dokumenterte investeringskostnader som kommunen godkjenner som støtteberettiga med beløpsgrense inntil 25 000 på tilskotet. Beløpet er sett med utgangspunkt seist oversendt investeringsbudsjett med fråtrekk av lausøyre og driftsgaranti.
- Verksemda skal vere etablert og sett i ordinær drift innan 12 månader etter vedtaket.
- Dersom verksemda ikkje blir etablert, eller blir avvikla eller flytta frå Fyresdal innan perioden fastsett i retningslinene for næringsfondet, kan kommunen krevje heile eller delar av tilskotet tilbakebetalt
Vedlegg
Les meir
expand_more
02
Forslag frå R. T. Metveit (FAP)
Forslag
Behandlet
Som innstillinga frå kommunedirektøren med fylgjande endring:
Stryke inntil kr 25 000,- i maksimalt tilskudd.
Vedlegg
Les meir
expand_more