Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
12:52 Innstilling frå kommunedirektøren
Formannskapet godkjenner plan for organisering og framdrift for forprosjektet etablering av nytt treningssenter i Fyresdal.
Formannskapet tek til vitande den foreslåtte prosjektorganiseringa med Fyresdal kommune som prosjekteigar, formannskapet som styringsgruppe og den framlagde arbeidsgruppa som prosjektgruppe.
Forprosjektet skal gjennomførast innanfor dei rammene og føringane som vart vedtekne av formannskapet 15.04.2026.
Kommunedirektøren får fullmakt til å engasjere ekstern prosjektleiar innanfor løyvde midlar til gjennomføring av arbeidspakke 2-5.
Samrøystes vedteke