Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

10:47 Innstilling frå kommunedirektøren:

Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 gir Fyresdal kommune dispensasjon frå kommuneplanen for oppføring av tradisjonelt låve på gnr. 73 bnr. 3.

Dispensasjonen blir gitt på følgjande vilkår:

  1. Bygget skal plasserast på eksisterande grunnmur.
  2. Bygget skal ha eit tradisjonelt uttrykk og i hovudsak samsvare med søknaden når det gjeld plassering, volum, høgde og materialbruk.
  3. Det skal ikkje etablerast nye gjerde, stengsel eller andre permanente barrierar som kan påverke villreinen sin trekk- og arealbruk.
  4. Tiltaket skal ikkje medføre auka sengekapasitet eller etablering av ny fritidsbustadeining.
  5. Terrenginngrep skal avgrensast til det som er nødvendig for sikring og gjennomføring av tiltaket på eksisterande grunnmur.
  6. Byggearbeida skal så langt det er praktisk mogleg gjennomførast i periodar som i minst mogleg grad kjem i konflikt med sårbare periodar for villreinen.
  7. Dersom det under arbeidet blir oppdaga automatisk freda kulturminne som ikkje er kjende på førehand, skal arbeidet straks stansast og Telemark fylkeskommune varslast, jf. kulturminnelova § 8 andre ledd.
  8. Dispensasjonen gjeld berre det tiltaket som er omtalt i søknaden og dette vedtaket. Vesentlege endringar krev ny vurdering etter plan- og bygningslova.

Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år fell også tillatinga bort.

Det må søkjast om byggjeløyve på vanleg måte, jfr. Pbl § 20-1.

Samrøystes vedteke