01
Innstilling frå kommunedirektøren:
Innstilling
Behandlet
Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 gir Fyresdal kommune dispensasjon frå kommuneplanen for oppføring av tradisjonelt låve på gnr. 73 bnr. 3.
Dispensasjonen blir gitt på følgjande vilkår:
- Bygget skal plasserast på eksisterande grunnmur.
- Bygget skal ha eit tradisjonelt uttrykk og i hovudsak samsvare med søknaden når det gjeld plassering, volum, høgde og materialbruk.
- Det skal ikkje etablerast nye gjerde, stengsel eller andre permanente barrierar som kan påverke villreinen sin trekk- og arealbruk.
- Tiltaket skal ikkje medføre auka sengekapasitet eller etablering av ny fritidsbustadeining.
- Terrenginngrep skal avgrensast til det som er nødvendig for sikring og gjennomføring av tiltaket på eksisterande grunnmur.
- Byggearbeida skal så langt det er praktisk mogleg gjennomførast i periodar som i minst mogleg grad kjem i konflikt med sårbare periodar for villreinen.
- Dersom det under arbeidet blir oppdaga automatisk freda kulturminne som ikkje er kjende på førehand, skal arbeidet straks stansast og Telemark fylkeskommune varslast, jf. kulturminnelova § 8 andre ledd.
- Dispensasjonen gjeld berre det tiltaket som er omtalt i søknaden og dette vedtaket. Vesentlege endringar krev ny vurdering etter plan- og bygningslova.
Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år fell også tillatinga bort.
Det må søkjast om byggjeløyve på vanleg måte, jfr. Pbl § 20-1.
Vedlegg
Les meir
expand_more