Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Behandlet

Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 blir det gitt dispensasjon frå reguleringsføremålet fritidsbustad i gjeldande bebyggelsesplan for ein del av Storerud, gnr. 7 bnr. 3, slik at eksisterande fritidsbustad på Borgrendsvegen 627 kan bruksendrast til bustad.

Det blir vidare gitt dispensasjon frå reguleringsføresegnene § 3 bokstav b om maksimal storleik på bygningane, slik at eksisterande fritidsbustad kan byggjast ut med om lag 44 m² og få eit samla areal på om lag 137,5 m², slik det går fram av søknaden.

Dispensasjonane blir gitt på følgjande vilkår:

  1. Bygningen må etter bruksendringa tilfredsstille gjeldande krav til bustad etter plan- og bygningslova med forskrifter, så langt det ikkje er gitt særskilt unntak.
  2. Løysing for vatn og avløp skal vere tilfredsstillande og dokumentert i byggjesaka.

Etter Plan- og bygningslova § 21-9 1. ledd er vedtaket gyldig i 3 år frå vedtaksdato. Om tiltaket settast i gang men innstillast i meir enn 2 år fell også tillatinga bort.

Det må søkjast om byggjeløyve på vanleg måte, jfr. Pbl § 20-1.

Vedlegg

Les meir expand_more