Habilitet - Knut Lofthus - Sak PS 45/2026
Andre særeigne forhold som svekkjer tilliten til upartiskheita (Fvl. § 6 andre ledd)
Vedlegg
Innstilling frå kommunedirektøren:
Med heimel i plan- og bygningslova § 19-2, jf. § 19-3, gir Fyresdal kommune dispensasjon frå gjeldande reguleringsformål på gnr. 38 bnr. 18 for etablering og bruk av mellombels anleggsområde i samband med utbygging av datasenter på naboeigedomen slik søknaden viser.
Dispensasjonen gjeld etablering og bruk av mellombels anleggsområde med tilhøyrande rigg, brakker, tekniske installasjonar, betongproduksjon, parkering, mellomlagring av utstyr og massar, avfallshandtering og anna naturleg tilknytt anleggsverksemd.
Dispensasjonen omfattar også naudsynt planering og opparbeiding av arealet.
Dispensasjonen blir gitt på følgjande vilkår:
- Tidsavgrensing - Dispensasjonen gjeld berre så lenge arealet er naudsynt som mellombels anleggsområde for gjennomføringa av det aktuelle utbyggingsprosjektet, og uansett ikkje lenger enn fire år frå vedtaksdato.
- Mellombels tiltak - Det skal ikkje etablerast permanente bygningar, permanente installasjonar eller andre varige tiltak på arealet som følgje av dispensasjonen.
- Tilbakeføring - Arealet skal tilbakeførast når den mellombelse bruken opphøyrer, og seinast ved utløpet av dispensasjonsperioden. Tilbakeføringa skal skje i samsvar med dei miljøtekniske vurderingane og planane som ligg til grunn for søknaden.
- Overvann og avrenning -Tiltaka for overvasshandtering og sikring mot uønskt avrenning skal gjennomførast i samsvar med godkjent VA-/overvassplan og dei miljøtekniske vurderingane.
- Støy - Verksemda skal drivast i samsvar med dei føresetnadene som ligg til grunn for støyvurderinga. Det skal gjennomførast naudsynte tiltak for å avgrense støyulemper for omgjevnadene.
- Støv og forureining - Naudsynte tiltak for å avgrense støv, utslepp og risiko for forureining skal gjennomførast. Massar, drivstoff, kjemikaliar og andre potensielt forureinande stoff skal handterast slik at fare for forureining av grunn og vatn blir redusert.
- Grunn og massar - Overskotsmassar og andre massar skal handterast i samsvar med gjeldande regelverk og dei miljøtekniske vurderingane som ligg til grunn for tiltaket.
Dispensasjonen er mellombels og gir ikkje grunnlag for permanent endring av arealformålet eller for etablering av permanent anleggs- eller næringsverksemd på eigedomen.
Kommunen gjer merksam på at dispensasjonen ikkje fritar tiltakshavar frå å innhente naudsynte andre løyve eller godkjenningar etter anna regelverk.