Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Publisert
  1. Formannskapet tek forstudien for Fyresdal friluftsbad til orientering.
  2. Forprosjektet blir vidareført som ei trinnvis utvikling, med mål om etablering av éi badstoge med trygg tilgang til vatnet som første byggetrinn.
  3. Forprosjektet skal jobbe vidare med og samanlikne løysingar for badstoge på land og på vatn, med særleg omsyn til variasjonen i vassstanden på inntil om lag 4,5 meter, kostnader, tryggleik og drift.
  4. Badstoge, garderobe, opphaldsareal og tilkomst skal så langt som mogleg vere universelt utforma. Tilgang til sjølve vatnet skal søkjast løyst universelt, men må vurderast opp mot teknisk gjennomførbarheit, tryggleik og kostnad.
  5. Første byggetrinn skal planleggjast slik at det så langt som mogleg legg til rette for seinare utviding av friluftsbadet.
  6. Det kan nyttast inntil kr 350 000,- til nødvendig utgreiing og prosjektering fram mot eit konkret konsept, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  7. Framlegg til endeleg løysing på konsept, drift og finansiering blir lagt fram for politisk behandling før eventuell gjennomføring.

Vedlegg

Les meir expand_more