Innstilling frå kommunedirektøren
- Kommunestyret sluttar seg til at finansieringa av utbygginga av 26 bueiningar på Århusjordet vert utarbeidd med eit mål om om lag 50 prosent lån og 50 prosent eigenkapital frå forvaltningsfondet.
- Finansieringsberekningane for Århusjordet skal byggje på 6 prosent rente og 40 års nedbetalingstid. Førebels byggjepris er sett til 128,75 mill. kroner inkl. meirverdiavgift.
- Nye og gamle Skogtun skal inngå i den samla utleigekalkylen med tidlegare vedteken finansiering. Denne saka inneber ikkje nytt vedtak om bygging eller finansiering av Skogtun.
- Kommunestyret sluttar seg til ei minimumsleige på 12 000 kroner per bueining per månad som grunnlag for det vidare arbeidet. For større einingar vert det førebels lagt til grunn 145 kroner per m² per månad dersom dette gir høgare leige.
- Det vert lagt til grunn 350 000 kroner årleg til ei halv stilling for vaktmeistertenester og teknisk oppfølging av Århusjordet og Skogtun samla. Kostnaden vert innarbeidd i budsjett og økonomiplan.
- Kommunedirektøren vurderer moglegheita for utleige av enkelte bueiningar til aktørar knytte til datasenterutbygginga til høgare leige dersom det er høve til dette.
Behandling
Nils Vidar Pettersen (Fyresdal Arbeiderparti) fremja følgjande forslag:
Punkt 4, 5 og 6 i kommunedirektøren si inn stilling vert stryke og det kjem inn
nye punkt:
o Vi prøver å selje alle bueiningane på Århusjordet. Vi engasjerer
eigedomsmeklar til å gjere dette arbeidet.
o Eventuelle prisar i forhold til utleige må vi kome tilbake til, dersom vi
ikkje får solgt bustadane.
o Bustadane vi bygjer ved Skogtun skal kommunen behalde til
mellomanna til eigne tilsette. Nokon vil ein også mykje truleg kunne
leige ut på den opne marknaden.
Votering:
vedteke med 14 mot 3 stemmer.
FOR
Fyresdal Arbeiderparti (9/9)
Fyresdal Senterparti (5/8)
MOT
Fyresdal Senterparti (3/8)
- Helge Kiland
- Saamund Gjersund
- Henning Barlund
Robert Libjå (Fyresdal Senterparti) fremja følgjande forslag:
Administrasjonen lager ei sak på om det kan vere aktuelt med ei "Leige til Eige" ordning for kommunale bueiningar i Fyresdal. Med mål om å selge flest mulig einingar, og gjere det lettare for dei som ikkje kjem seg inn i boligmarknaden til å eige sin egen bolig.
Votering:
vedteke med 10 mot 7 stemmer.
FOR
Fyresdal Arbeiderparti (2/9)
- Nils Vidar Pettersen
- Liv Nærum
Fyresdal Senterparti (8/8)
MOT
Fyresdal Arbeiderparti (7/9)
Innstilling frå kommunedirektøren:
- Kommunestyret sluttar seg til at finansieringa av utbygginga av 26 bueiningar på Århusjordet vert utarbeidd med eit mål om om lag 50 prosent lån og 50 prosent eigenkapital frå forvaltningsfondet.
- Finansieringsberekningane for Århusjordet skal byggje på 6 prosent rente og 40 års nedbetalingstid. Førebels byggjepris er sett til 128,75 mill. kroner inkl. meirverdiavgift.
- Nye og gamle Skogtun skal inngå i den samla utleigekalkylen med tidlegare vedteken finansiering. Denne saka inneber ikkje nytt vedtak om bygging eller finansiering av Skogtun.
- Kommunestyret sluttar seg til ei minimumsleige på 12 000 kroner per bueining per månad som grunnlag for det vidare arbeidet. For større einingar vert det førebels lagt til grunn 145 kroner per m² per månad dersom dette gir høgare leige.
- Det vert lagt til grunn 350 000 kroner årleg til ei halv stilling for vaktmeistertenester og teknisk oppfølging av Århusjordet og Skogtun samla. Kostnaden vert innarbeidd i budsjett og økonomiplan.
- Kommunedirektøren vurderer moglegheita for utleige av enkelte bueiningar til aktørar knytte til datasenterutbygginga til høgare leige dersom det er høve til dette.
Votering:
samrøystes vedteke.
Vedtak
Nils Vidar Pettersen (Fyresdal Arbeiderparti) sitt forslag
Punkt 4, 5 og 6 i kommunedirektøren si inn stilling vert stryke og det kjem inn
nye punkt:
o Vi prøver å selje alle bueiningane på Århusjordet. Vi engasjerer
eigedomsmeklar til å gjere dette arbeidet.
o Eventuelle prisar i forhold til utleige må vi kome tilbake til, dersom vi
ikkje får solgt bustadane.
o Bustadane vi bygjer ved Skogtun skal kommunen behalde til
mellomanna til eigne tilsette. Nokon vil ein også mykje truleg kunne
leige ut på den opne marknaden.
Robert Libjå (Fyresdal Senterparti) sitt forslag