Votering er ferdig i denne saka.
Resultat av votering
21:29 Innstilling frå kommunedirektøren
- Kommunestyret godkjenner gjennomføring av infrastrukturprosjektet på Molandsmoen i samarbeid med Telemark Nett AS.
- Kommunestyret sluttar seg til ei fordeling der kommunen og Telemark Nett AS dekkjer 50 prosent kvar av arbeidskostnadene. Kvar part dekkjer materiell til eigne anlegg.
- Det vert sett av ei samla investeringsramme på kr. 10.000.000,- for kommunen sin del av prosjektet. Investeringa vert finansiert med låneopptak og innarbeidd i investeringsbudsjettet og økonomiplanen.
- Kommunedirektøren får fullmakt til å inngå avtalar og gjennomføre prosjektet innanfor vedteken ramme. Dersom tilboda viser at ramma ikkje er tilstrekkeleg, skal saka leggjast fram for kommunestyret på nytt før kontrakt vert inngått.
Samrøystes vedteke