Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Publisert

1. Kommunestyret sitt vedtak i sak 58/26, 17.09.2026, om utvida vertskommunesamarbeid for interkommunal psykologteneste blir oppheva og erstatta av punkta nedanfor.

2. Interkommunal psykologteneste blir vidareført mellom Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord og Tokke kommunar, med Seljord kommune som vertskommune og med grunnlag i gjeldande samarbeidsavtale. Avtala om utvida samarbeid med Vinje frå 1. januar 2027 blir ikkje sett i verk.

3. Dagens ressursfordeling blir vidareført med 1,5 psykologårsverk i interkommunal psykologteneste og 0,5 psykologårsverk i Rask psykisk helsehjelp. Dei planlagde endringane i ressursfordelinga som følgje av utvidinga blir ikkje gjennomførte.

4. Kostnadene til interkommunal psykologteneste blir framleis fordelte etter folketalet i dei fem deltakarkommunane. Eventuelle nødvendige budsjettendringar blir handsama i den enkelte kommunen.

Vedlegg

Les meir expand_more