Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren

Innstilling Publisert

1. Kommunestyret ønskjer ei samla utvikling av Fyresdal sentrum fram mot 2035. Folkestadbyen, Århusjordet og det etablerte handelsmiljøet skal vere sentrale delar av sentrum. Ny utvikling skal knytast til eksisterande sentrum og hente inspirasjon frå kvalitetane i Folkestadbyen.

2. Kommunedirektøren får i oppdrag å gjennomføre ei avgrensa samanlikning av to moglege utviklingsretningar: området frå skulen og nordover mot Prærien, og jordbruksarealet ved Prestegarden som er vist i vedlagde kart. Vurderinga skal gi grunnlag for å prioritere eitt av områda eller ei utvikling der områda får ulike funksjonar.

3. For alternativet ved Prestegarden skal behovet for eventuell bruk av dyrka jord vurderast opp mot andre løysingar. Kommunestyret legg til grunn at all matjord som eventuelt blir råka, skal takast vare på og nyttast til vidare jordbruksproduksjon. Det skal undersøkast om det kan etablerast eit større nytt dyrka areal enn det som eventuelt blir omdisponert, med mål om minst å oppretthalde samla produksjonsevne.

4. Delar av området ved Birtedalsvegen som er aktuelt for mellombels næringsbruk, skal vurderast som mogleg framtidig jordbruksareal. Mogleg etterbruk, tidspunkt for tilgjenge og samanhengen med eventuell jordflytting frå Prestegarden skal inngå i vurderinga.

5. Kommunedirektøren skal vidareføre dialogen med Statsforvaltaren og aktuelle grunneigarar. Vedtaket inneber ikkje godkjenning av omdisponering av dyrka jord, utbygging ved Prestegarden eller mellombels næringsbruk ved Birteåsvegen.

6. Kommunedirektøren skal kome tilbake med ei sak om tilrådd utviklingsretning og oppstart av reguleringsplanarbeidet, med forslag til planavgrensing, organisering, kostnader, finansiering og framdrift.

Vedlegg

Les meir expand_more