Innstilling frå kommunedirektøren:
Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å utarbeide konkurransegrunnlag og lyse ut ein konseptkonkurranse for utvikling av Kynjushamaren bustadfelt.
Konkurransen skal ha eit tydeleg miljøfokus. Mogleg utnytting av restvarme bør inngå i vurderinga av energiløysingar, utan å vere eit absolutt krav.
Utlysinga skal opne for høgare arealutnytting og konsept som føreset endringar i reguleringsplan og reguleringsføresegner. Kommunen stiller seg positiv til å vurdere slike forslag, med atterhald om ordinær planbehandling.
Konsepta skal vise bustadløysingar, miljøtiltak, finansiering, rolle- og ansvarsdeling og ein realistisk framdriftsplan som møter kommunen sitt behov for bustader.
Kommunedirektøren legg fram tilråding om val av konsept og vilkår for vidare utvikling til endeleg behandling i kommunestyret, med sikte på våren eller sommaren 2027.