Hopp til hovudinnhaldet
01

Innstilling frå kommunedirektøren:

Innstilling Publisert

Kommunestyret sluttar seg til at det blir lagt til rette for eit mellombels næringsområde på delar av kommunen sin eigedom langs Birtedalsvegen.

Kartbilete 3, som viser eit område på om lag 85 dekar oppe på brinken, skal leggjast til grunn. Kommunedirektøren fastset endeleg avgrensing ut frå terreng, skjerming, tilkomst og framtidig bruk. Areala nedanfor brinken og mot Stykkjevika skal haldast utanfor den mellombelse næringsbruken.

Kommunedirektøren får fullmakt til å forhandle og inngå avtalar om tidsavgrensa utleige og gjennomføre etableringa innanfor gjeldande økonomiske rammer. Avtalane skal regulere ansvar for opparbeiding, finansiering, vedlikehald og tilstanden ved tilbakelevering, og sikre at det blir teke omsyn til framtidig bruk.

Kommunedirektøren har ansvar for nødvendige planavklaringar og løyve og for å ivareta omsynet til natur, friluftsliv og økonomi ved gjennomføringa. Arbeidet skal samordnast med etableringa av treningsstripa langs Birtedalsvegen, med tilrettelegging for minst ein tilkomst til området.

Kommunedirektøren skal leggje fram ei eiga sak for kommunestyret om etterbruken av området. Saka skal belyse aktuelle aktivitets- og rekreasjonstilbod, inkludert mogleg bruk av overskotsvarme frå datasenteret, og gi kommunestyret høve til å påverke den vidare utviklinga før opparbeidinga bind framtidige løysingar.

Vedlegg

Les meir expand_more