Hopp til hovudinnhaldet

PPT Vest-Telemark

01

Endringsforslag frå Sp, Ap, KrF og H

Endringsforslag Presentert av: Stian Hauge På vegner av Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet og Høgre Behandlet
  1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2.
    1. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova § 32
  2. Kommunestyret vedtek Kviteseid kommune som vertskommune for PPT Vest-Telemark.
    1. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.
    2. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.
    3. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Kviteseid kommune blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen
  3. Kviteseid kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka, med dei nødvendige endringar for at Kviteseid er vertskommune

Om ein ikkje får likelydande vedtak i alle kommunane vil ein sekundært gjere fylgjande vedtak.

Kviteseid Kommunestyret vedtek å etablere ei ny pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i samarbeid med ein eller fleir andre kommunar frå 01.08.2024.

Kommunedirektøren bes om å utarbeide ein detaljert plan for etablering, inkludert nødvendig ressurs og kompetanseutvikling, med sikte på oppstart i løpet av hausten 2024.

Kviteseid kommunestyre vedtek å ikkje vere ein del av Vest-Telemark PPT.

Kviteseid kommune vil ta del i vertskommuneavtale til Vest-Telemark PPT fram til eiga teneste er etablert og seinast til oppseiingsperioden etter gjeldande selskapsavtale har gått ut.

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)

Innstilling Behandlet

1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2. a. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova

2. Kommunestyret vedtek Vinje som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen

3. Kviteseid kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.

Vedlegg

Les meir expand_more