← Tilbake

Sak 41/2024 - PPT Vest-Telemark

01
Endringsforslag frå Sp, Ap, KrF og H
Endringsforslag
På vegner av Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Arbeidarpartiet og Høgre
Behandlet
  1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2.

    • Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova § 32

    • Kommunestyret vedtek Kviteseid kommune som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

      • Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

        • Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

          • Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Kviteseid kommune blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen

          • Kviteseid kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka, med dei nødvendige endringar for at Kviteseid er vertskommune

            Om ein ikkje får likelydande vedtak i alle kommunane vil ein sekundært gjere fylgjande vedtak.

            Kviteseid Kommunestyret vedtek å etablere ei ny pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) i samarbeid med ein eller fleir andre kommunar frå 01.08.2024.

            Kommunedirektøren bes om å utarbeide ein detaljert plan for etablering, inkludert nødvendig ressurs og kompetanseutvikling, med sikte på oppstart i løpet av hausten 2024.

            Kviteseid kommunestyre vedtek å ikkje vere ein del av Vest-Telemark PPT.

            Kviteseid kommune vil ta del i vertskommuneavtale til Vest-Telemark PPT fram til eiga teneste er etablert og seinast til oppseiingsperioden etter gjeldande selskapsavtale har gått ut.

            Vedlegg

            Les meir
            02
            Innstilling frå L. Thorsen (Kommunedirektør)
            Innstilling
            Behandlet

            1. Organisasjonsforma til Vest-Telemark PPT blir endra frå IKS til vertskommune regulert i kommunelova § 20-2. a. Vest-Telemark PPT IKS blir oppløyst innan 01.01.25 – jf. IKS-lova

            2. Kommunestyret vedtek Vinje som vertskommune for PPT Vest-Telemark.

            a. Vertskommunen startar rekruttering av dagleg leiar så fort som mogeleg, uavhengig av prosessen med verksemdsoverdrag.

            b. Kommunestyret føreset at vertskommunen har ein god prosess med dei tilsette i verksemdsoverdraginga.

            c. Tilsette som får nytt arbeidsforhold i Vinje blir underlagt same reglar, retningsliner, arbeidsreglement mm. som er gjeldande for tilsette i vertskommunen

            3. Kviteseid kommune sluttar seg til samarbeidsavtala som ligg ved saka.

            Vedlegg

            Les meir