← Tilbake

Sak PS-49/24 - Vurdering av oppheving av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 i Seljord kommune

01
Innstilling
Innstilling
Behandlet
Seljord kommunestyre søker Landbruksdirektoratet om oppheving av forskrift om nedsett konsesjonsgrense etter konsesjonslova § 7 i Seljord kommune. Grunngjeving: Det er fleire grunnar til at kommunen ynskjer å oppheve 0-konsesjonsgrense på bustadhus i Seljord kommune. Ein kan ikkje vise til forsking som viser noko dokumentera effekt på busetnaden med denne forskrifta. Kommunen har større tru på bulysst enn buplikt for å auke innbyggartalet. 0- konsesjonsgrensa fører til at nye bustader blir påført ein heftelse som kan virke negativt på interessa for å bygge nye bustader fordi det kan påverke verdien ved seinare omsetning. Auka attraktivitet for kjøp av eigedom kan føre til at fleire eigedomar med vedlikehaldsbehov blir overtatt og sett i stand, noko som kan bidra til å betre det lokale bumiljøet og styrke kommunen si tiltrekkingskraft. Ordninga fører også med seg auka ressursbruk i administrasjonen ved auka byråkrati og kontroll.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå S. Aasan (Sp)
Forslag
Behandlet

Seljord kommune vidarefører forskrift om nedsett konsesjonsgrense.

Vedlegg

Les meir
03
Tilleggsforslag frå S. Aasan (Sp)
Tilleggsforslag
Behandlet

Subsidiært tilleggsforslag frå SP:

Kommunestyret ynskjer ei sak frå kommunedirektøren der ulike tiltak for å auke bustadbygginga og bulysta i kommunen blir lagt fram:

  1. Tapsgaranti: ein tidsavgrensa garanti der kommunen reduserer risikoen til dei som bygger bustad ved å garantere for ein prosentsats av byggekostnad, ved sal der bustadbyggjar får eit tap.
    • Vurdere ulike tiltak kommunen kan søke på gjennom ordninga Bustadtiltak i distrikta ved neste søknadsomgang.
      • Bustadtomter: det er stor mangel på bustadtomter i kommunen, kommunestyret ber difor kommunedirektøren om å aktivt jobbe for å få fram fleire tomter. Kommunen bør primært legge til rette for at grunneigerar og private aktørar får fleire tomter på markanden, nye kommunale bustadfelt må vurderast dersom private aktørar ikkje kan tilby nok tomter.

        Vedlegg

        Les meir