Subsidiært tilleggsforslag frå SP:
Kommunestyret ynskjer ei sak frå kommunedirektøren der ulike tiltak for å auke bustadbygginga og bulysta i kommunen blir lagt fram:
Tapsgaranti: ein tidsavgrensa garanti der kommunen reduserer risikoen til dei som bygger bustad ved å garantere for ein prosentsats av byggekostnad, ved sal der bustadbyggjar får eit tap.
Vurdere ulike tiltak kommunen kan søke på gjennom ordninga
Bustadtiltak i distrikta
ved neste søknadsomgang.
Bustadtomter: det er stor mangel på bustadtomter i kommunen, kommunestyret ber difor kommunedirektøren om å aktivt jobbe for å få fram fleire tomter. Kommunen bør primært legge til rette for at grunneigerar og private aktørar får fleire tomter på markanden, nye kommunale bustadfelt må vurderast dersom private aktørar ikkje kan tilby nok tomter.