← Tilbake

Sak PS-24/24 - 92/9 - Flatdalsvegen 885 - Søknad om frådeling etter jordlova - Einar Haugen

01
Innstilling frå M. D. Fremmerlid (K)
Innstilling
Behandlet
Seljord kommune gjev avslag på søknad om deling og omdisponering av 1 daa landbruksareal til bustadtomt, tomt nr 1, på landbrukseigedommen gnr./bnr. 92/9.Avslaget er grunngjeve med at ei deling og omdisponering av dyrka jord og skog i samsvar med søknad er vurdert negativt jamfør vesentlege punkt ein skal vurdere etter jordlova. Omsynet til busetjing i området er ikkje tillagt stor nok vekt til å overprøve deling og omdisponering av dyrka jord. Det er eit politisk ynskje i Seljord kommune å auke folketalet, men busetjinga bør fortrinnsvis skje i regulerte byggeområde og ikkje på dyrka mark.Seljord kommune gjev løyve til å dele i frå 1,5 daa til bustadtomt, tomt nr. 2. Vedtaket ergrunngjeve med at søknad om frådeling av 1,5 daa produktiv skog til bustadtomt nr. 2 som mindre alvorleg med omsynet til jordlovaVedtaket er heimla i jordlova §§ 9 og 12. Saka må handsamast vidare etter plan- og bygningslova.

Vedlegg

Les meir
02
Forslag frå H, Frp og Ap
Forslag
Behandlet
Seljord kommune gjev løyve til deling og omdisponering av 1 daa landbruksareal til bustadtomt, tomt nr 1, på landbrukseigedommen gnr./bnr. 92/9. Det er eit politisk ynskje i Seljord kommune å auke folketaletSeljord kommune gjev løyve til å dele i frå 1,5 daa til bustadtomt, tomt nr. 2. Vedtaket er grunngjeve med at søknad om frådeling av 1,5 daa produktiv skog til bustadtomt nr. 2 som mindre alvorleg med omsynet til jordlova Vedtaket er heimla i jordlova §§ 9 og 12, 4. ledd. Saka må handsamast vidare etter plan- og bygningslova.

Vedlegg

Les meir