Hopp til hovudinnhaldet

Votering er ferdig i denne saka.

Resultat av votering

11:36 Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)

  1. Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje, Tokke, Hjartdal kommunestyre set av 317 000 kr kvar i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
  2. Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst og blir innarbeida i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.
  3. Midlane skal dekke mellomlegget mellom dei reelle kostnadene og statleg tilskot for drift av døgnkontinuerleg klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
  4. Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunens eigenandel.
  5. Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav:
    • Vakthavande veterinær må opphalde seg i vaktdistriktet
    • Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe
    • Det skal alltid vere minst ein veterinær på vakt som har naudsynt kompetanse for inseminering
    • Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær

Kr 317.000 blir trekt frå disposisjonsfondet i 2024, kr 327.000 blir innarbeida årleg i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.

Vedteke

MOT

0

FOR

7
Sondre Aasan Senterpartiet Solveig Sundbø Abrahamsen Høgre Edvard Mæland Høgre Mogens Hougaard Iversen Framstegspartiet Carina Thorvaldsen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet Trond Johnsen Arbeiderpartiet