Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje, Tokke, Hjartdal kommunestyre set av 317 000 kr kvar i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst og blir innarbeida i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.
Midlane skal dekke mellomlegget mellom dei reelle kostnadene og statleg tilskot for drift av døgnkontinuerleg klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunens eigenandel.
Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav:
Vakthavande veterinær må opphalde seg i vaktdistriktet
Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe
Det skal alltid vere minst ein veterinær på vakt som har naudsynt kompetanse for inseminering
Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær
Kr 317.000 blir trekt frå disposisjonsfondet i 2024, kr 327.000 blir innarbeida årleg i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.