Ny finansiering av klinisk veterinærvakt i Vest-Telemark vaktområde med Hjartdal
01
Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)
Innstilling
Behandlet
- Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Vinje, Tokke, Hjartdal kommunestyre set av 317 000 kr kvar i 2024-budsjettet for å sikre klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
- Budsjettverknad for 2025 blir 327 000 kr etter 3% forventa prisvekst og blir innarbeida i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.
- Midlane skal dekke mellomlegget mellom dei reelle kostnadene og statleg tilskot for drift av døgnkontinuerleg klinisk veterinærvakt for Vest-Telemark vaktområde inkl. Hjartdal.
- Eventuell auke i statlege rammeoverføringar går til frådrag i kommunens eigenandel.
- Vaktordninga skal møte følgjande kvalitetskrav:
- Vakthavande veterinær må opphalde seg i vaktdistriktet
- Vakta skal gjennomføre inseminering på storfe
- Det skal alltid vere minst ein veterinær på vakt som har naudsynt kompetanse for inseminering
- Både hovud- og bakvakt skal vere utdanna veterinær
Kr 317.000 blir trekt frå disposisjonsfondet i 2024, kr 327.000 blir innarbeida årleg i budsjett -og økonomiplan 2025-2028.
Vedlegg
Les meir
expand_more