Kommunestyret går inn i interkommunalt samarbeid med Nome og Midt- Telemark pedagogisk- psykologisk teneste frå og med 01.01.2025.
Kommunestyret vedtek vedlagt samarbeidsavtale om vertskommunesamarbeid for pedagogisk- psykologisk teneste, Midt- Telemark er vertskommune og Seljord og Nome kommune er samarbeidskommune.
Vedtaket er fatta med heimel i kommunelova § 20-2 om administrativt vertskommunesamarbeid.
Seljord kommune ynskjer å drive PPT i eigenregi. Fram til ei fullverdig teneste er på plass ynskjer ein å kjøpe PPT-tenester frå Midt-Telemark PPT eller andre nærliggande PPT-tenester.
Den økonomiske innsparinga ved å drifte i eigenregi skal nyttast til å styrke lærartettleiken/vaksentettleiken ved skulane og barnehagane i Seljord og bidra til tidleg innsats.
Kommunestyret ynskjer ei evaluering av samarbeidet i løpet av inneverande kommunestyreperiode.
Subsidiært tilleggsforslag
Samarbeidsavtale med Midt-Telemark bør innhalde:
PP-tenesta har hovudkontor på Gvarv. Samarbeidskommunane stiller kontor og møterom i eigen kommune i det omfanget det er behov for, for dei oppgåver tenesta skal utføre i den enkelte kommune. Tenesta skal vere fysisk til stades i alle kommunar slik at ein sikrar likeverdige tenester