Forslag

PPT - Framtidig drift av tenesta

01
Innstilling frå B. V. Lia (Kommunedirektør)
Innstilling
Behandlet
  1. Kommunestyret går inn i interkommunalt samarbeid med Nome og Midt- Telemark pedagogisk- psykologisk teneste frå og med 01.01.2025.

    • Kommunestyret vedtek vedlagt samarbeidsavtale om vertskommunesamarbeid for pedagogisk- psykologisk teneste, Midt- Telemark er vertskommune og Seljord og Nome kommune er samarbeidskommune.

      Vedtaket er fatta med heimel i kommunelova § 20-2 om administrativt vertskommunesamarbeid.

      Vedlegg

      Les meir
      02
      Forslag frå Sp
      Forslag
      På vegner av Senterpartiet
      Behandlet

      Seljord kommune ynskjer å drive PPT i eigenregi. Fram til ei fullverdig teneste er på plass ynskjer ein å kjøpe PPT-tenester frå Midt-Telemark PPT eller andre nærliggande PPT-tenester.

      Den økonomiske innsparinga ved å drifte i eigenregi skal nyttast til å styrke lærartettleiken/vaksentettleiken ved skulane og barnehagane i Seljord og bidra til tidleg innsats.

      Vedlegg

      Les meir
      03
      Tilleggsforslag frå Frp, Ap og H
      Tilleggsforslag
      På vegner av Arbeiderpartiet, Framstegspartiet og Høgre
      Behandlet

      Kommunestyret ynskjer ei evaluering av samarbeidet i løpet av inneverande kommunestyreperiode.

      Vedlegg

      Les meir
      04
      Tilleggsforslag frå S. Aasan (Sp)
      Tilleggsforslag
      Behandlet

      Subsidiært tilleggsforslag

      Samarbeidsavtale med Midt-Telemark bør innhalde:

      PP-tenesta har hovudkontor på Gvarv. Samarbeidskommunane stiller kontor og møterom i eigen kommune i det omfanget det er behov for, for dei oppgåver tenesta skal utføre i den enkelte kommune. Tenesta skal vere fysisk til stades i alle kommunar slik at ein sikrar likeverdige tenester

      Vedlegg

      Les meir