Kommunestyret tek tertialrapporteringa til vitande.
Meirforbruk og mindreinntekt på til saman kr 4 236 000 vert dekt av disposisjonsfondet.
Kommunedirektøren for mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å fordele pensjonspremie på ut på einingane
Kommunedirektøren får mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å flytte straumpostane på kommunale bygg frå aktuelle einingar til budsjettvedtaksområde 4C vedlikehaldsavdelinga.
Bruk av lån kr 50 883 000, derav bruk av unytta lånemidlar per 31.12.2024 kr 5 555 000 og nytt låneopptak kr 45 328 000. Samanlikna med opphavleg budsjett aukar nytt låneopptak med kr 5 993 000, derav kr 3 200 000 allereie vedteke i formannskapssak 33/2025, 10.04.2025 («hastekompetanse») «Auke budsjettramme for å løfte Brøløsvegen for framtida». Inkludert ligg òg eit nytt låneopptak til Seljord Skysstasjon aukar med kr 1 468 000, frå kr 883 000 til kr 2 351 000 i tråd med tilbodsgrunnlag frå Adaptiv arkitektur. Opptak av Startlån i Husbanken i 2025 vert auka med kr 10 mill., frå kr 10 mill. (som vart lånt inn 07.03.2025) til kr 20 mill.
Sak om Seljord skysstasjon sendes tilbake til administrasjonen som bes om å gjennomgå prosjektet på nytt med mål om å finne ei løysing innanfor opprinneleg budsjett.
Det fører til endra vedtakspunkt:
1. Kommunestyret tek tertialrapporteringa til vitande.
2. Meirforbruk og mindreinntekt på til saman kr 4 236 000 vert dekt av disposisjonsfondet.
3. Kommunedirektøren for mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å fordele pensjonspremie på ut på einingane
4. Kommunedirektøren får mynde til å gjennomføre budsjettjustering for å flytte straumpostane på kommunale bygg frå aktuelle einingar til budsjettvedtaksområde 4C vedlikehaldsavdelinga.
5. Bruk av lån kr 49 415 000, derav bruk av unytta lånemidlar per 31.12.2024 kr 5 555 000 og nytt låneopptak kr 43 860 000. Samanlikna med opphavleg budsjett aukar nytt låneopptak med kr 5 993 000, derav kr 3 200 000 allereie vedteke i formannskapssak 33/2025, 10.04.2025 («hastekompetanse») «Auke budsjettramme for å løfte Brøløsvegen for framtida». Opptak av Startlån i Husbanken i 2025 vert auka med kr 10 mill., frå kr 10 mill. (som vart lånt inn 07.03.2025) til kr 20 mill.
I tilknytning til saka:
Bygging og drift av kollektivterminal er ikkje ei kommunal oppgåve og bør i sin heilskap finansierast av Telemark fylkeskommune og Statens vegvesen.