Samfunnsutvalet godkjenner søknad om frådeling av tunet på gnr/bnr 126/2 i samsvar med søknad. Vedtaket er grunngjeve med at søknaden er vurdert mindre negativt med omsyn til vern av arealressursane. Delinga fører ikkje til ei optimal, men ei god nok driftsmessig løysing.
Søknaden er vurdert nøytralt med omsyn til driftsmessige eller miljømessige ulemper for
landbruket i området.
Samfunnsutvalet har vurdert det slik at søknaden vil føre til ny permanent busetjing for ein
sjølveigar av eit lite småbruk med eige matrikkelnummer jf. jordlova § 12, 4. ledd i ein del av kommunen meg negativ folketalsutvikling.
Der er eit vilkår for godkjenning av frådeling at det vert gjort avtale om å skjerme skogen som er vist til å ha ein skogeffekt mot skred/ras i NVE sine aktsemdskart for skred. Det er også eit vilkår at den fråskilde parsellen får tilkomstrett over hovudbruket.
Vedtaket er heimla i jordlova §12, 4. ledd og plan- og bygningslovas kap. 20 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato.