Resultat av votering

126/2 - Søknad om frådeling av tun - Bjørn Arve Nordbø

Votering er ferdig i denne saka.

12:09 Innstilling frå kommunedirektøren

Samfunnsutvalet godkjenner søknad om frådeling av tunet på gnr/bnr 126/2 i samsvar med søknad. Vedtaket er grunngjeve med at søknaden er vurdert mindre negativt med omsyn til vern av arealressursane. Delinga fører ikkje til ei optimal, men ei god nok driftsmessig løysing.

Søknaden er vurdert nøytralt med omsyn til driftsmessige eller miljømessige ulemper for

landbruket i området.

Samfunnsutvalet har vurdert det slik at søknaden vil føre til ny permanent busetjing for ein

sjølveigar av eit lite småbruk med eige matrikkelnummer jf. jordlova § 12, 4. ledd i ein del av kommunen meg negativ folketalsutvikling.

Der er eit vilkår for godkjenning av frådeling at det vert gjort avtale om å skjerme skogen som er vist til å ha ein skogeffekt mot skred/ras i NVE sine aktsemdskart for skred. Det er også eit vilkår at den fråskilde parsellen får tilkomstrett over hovudbruket.

Vedtaket er heimla i jordlova §12, 4. ledd og plan- og bygningslovas kap. 20 og gjeld i tre år frå godkjenningsdato.

Vedteke

FOR

5
Sondre Aasan Senterpartiet Geir Halvor Haugen Høgre Katrine Volhovd Høgre Bjørn Ulvestad Andersen Framstegspartiet Eivind Skogheim Arbeiderpartiet

MOT

0