← Tilbake

Sak PS 55/24 - Uttale - forslag til Telemarksplanen - Regional planstrategi for Telemark 2024-2028

01
Framlegg frå formannskapet
Innstilling
Behandlet
I medhald av Pbl. § 10 – 1 sender Tokke kommune «Uttale - forslag til Telemarksplanen -Regional planstrategi for Telemark 2024-2028». Uttale er vedlegg 1 i saka.

Vedlegg

Les meir
02
Tilleggsforslag frå Sp, MDG og KrF
Tilleggsforslag
På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti
Behandlet
Tilleggsframlegg 1:Dei fine illustrasjonane som er nytta i utkast til Telemarksplan bør vise til kor i Telemark bileta er teke.Tilleggsframlegg 2 om skog:

Telemarksplanen bør ha kapittel om stell og utnytting av skogressursane i Telemark

Telemark er eit skogfylke med om lag 530.000 hektar skog og ein tilvekst på om lag 2 mill. m³. Den årleg tilveksten har ein verdi på om lag 500 mill. kr om den vert nytta. Sirkulasjonsverdien kan ein multiplisere med 2. Skogen bind 1,5 t CO ² for kvar m³ den veks. Skogen bind 40 % av den CO² Norge slepper ut. Dårleg skogskjøtsel gjev mindre binding av CO². Den har gått kraftig ned siste 10-åra grunna dårleg skjøtsel av skogen. Vi ser rotnande verdiar i skogen vår gjennom billeangrep på skogen. Brutto tømmerpris ferskt virke er no kr 723 pr. m². Energivirke kr 495 pr m³. Det er eit tap på kr 228 pr. m³

· Kva vi tenkjer om utnytting dei 2 mill. m³ skogen veks kvart år?

· Kva tenkjer vi om skogen som råstoff for framtidig industrisatsing -vi hadde ein gong Union i Skien. Nå har vi Vafoss og nokre sagbruk. Resten sender vi ut av fylket og landet.

· Det er ved overgang frå stål, betong og glass til tre at vi gjer kvantesprang i reduksjon av utslipp av CO². 

·

Tilleggsframlegg 3 er den samrøystes konklusjonen i uttala frå Vest-Telemarkrådet:

  1. 1) Satsingsområde Inkluderande Telemark:

    Målsetting:

    Alle skal gjennomføre vidaregåande opplæring på sitt nivå. Telemark skal møte framtidas kompetansebehov.

    Merknad:

    • Målet om vidaregåande opplæring til alle er godt og viktig, men Telemarksplanen må ta høgde for at dette ikkje stigmatiserer sårbare grupper som ikkje maktar å gjennomføre eit slikt opplæringsløp.
      • Ingen skal oppleve vedvarande utanforskap.

         

        1. 2) Satsingsområdet Skapande Telemark:
          Målsetting:

          Produsere meir fornybar energi og auke nettkapasiteten.

          Merknad:

          I Vest-Telemark er det i fleire kommunar bygd ut over 95 % av den vasskrafta som kan byggjast ut. Det er viktig at det er litt vassdragsnatur igjen. Utbygging av alle former for fornybar energi må ta omsyn til at vi står i ein målkonflikt mellom klimaavtala og arealavtala.

           

          Kortreist kraft inneber at det er kort avstand mellom kraftproduksjon og forbruk. Dette var i si tid grunnlaget for etablering av industristader som Notodden og Rjukan/Tinn. 

           

          Fordelar med kortreist kraft:

          • Mindre naturinngrep fordi vi treng å byggje/oppgradere færre kraftlinjer.
            • Lågare kostnader for forbrukarar og næringsliv: Investeringar i kraftnettet blir i all hovudsak betalt av innbyggarar og næringsliv - ikkje av kraftprodusentane.
              • Mindre nett-tap: Ved overføringa av straum oppstår eit straumtap. Tapet blir større jo lenger avstanden er. Det er moglegvis i snitt 6-7 % straumtap på landsbasis. Kanskje går om lag 10 TWh tapt gjennom overføringar i nettet. Vår totalproduksjon i Noreg er på om lag 150 TWh.
                • Meir lokal verdiskaping: Område som produserer kraft vil kunne gå frå råvareproduksjon av kWh til auka verdiskaping ved at krafta blir foredla lokalt. Det gjev arbeidsplassar.

                  Telemark fylkeskommune bør av omsyn til miljø og effektiv energibruk legge til rette for at kraftintensive verksemder kan etablere seg nær kraftproduksjon.

                   

                  Kort oppsummert: Industri bør etablerast der krafta vert produsert. Dette vil spare klima for utslepp, redusere nett-tapet og utbygging av infrastruktur betrakteleg, og utnytte lokale ressursar på ein berekraftig måte.

                   

                   

                  Målsetting:

                  Prioritere vedlikehald og fornying av dagens fylkesvegar.

                  Merknad:

                  Det store etterslepet på fylkesvegar i Telemark - ikkje minst i Vest-Telemark - er ei stor utfordring for næringsliv, busetting og besøksnæringa. Saman med E134, rv. 41 og rv. 36 er dei fylkeskommunale vegane grunnlaget for levande lokalsamfunn i alle delar av Vest-Telemark. I Vest-Telemark er det i praksis ingen alternative transportformer.

                   

                  Det er avgjerande at vedlikehald av fylkesvegnettet vert prioritert i fylkeskommunen sine budsjett, og at det blir jobba målretta mot NTP for å auke ramma til fylkesvegar. Godt vedlikehaldne vegar gir mange samfunnsmessige fordelar som t.d. betre trafikktryggleik og lågare utslepp. 

                   

                  Vi vil peike på den vellukka strategien/metoden som er brukt på E134 og rv. 41 dei seinare åra, der løpande vedlikehald og investeringsmidlar blir brukt saman for å oppnå nødvendig standardheving på dei statlege vegane i regionen. Mange fylkesvegstrekningar i Vest-Telemark har det same behovet for oppgradering og fornying.

                   

                  Grensesnittet og samordning mellom regional plan for klima, energi og grøn omstilling, Regional plan for samordna areal og transport i Grenland og Regional plan for samordna areal og transport i Telemark. Det gjeld spesielt kva for arealtema bør bli behandla i kva for planar og korleis desse kan samordnast på tvers av planane. 

                   

                  Samordning mellom dei tre regionale planane er avgjerande for å oppnå ei heilskapleg og berekraftig utvikling i Telemark. Det vil vera naudsynt med kontinuerleg dialog og justeringar mellom dei ulike planane for å sikre at dei blir verande relevante og i takt med dei utfordringane fylket står overfor.

                  Vedlegg

                  Les meir
                  03
                  Forslag frå Ap, SV og H
                  Forslag
                  På vegner av Sosialistisk Venstreparti, Arbeiderpartiet og Høgre
                  Behandlet
                  Legge til eit punkt under kategorien «Regional kompetansestrategi for Vestfold og Telemark 2021-2028: «Sikre eit godt boligtilbud, eventuelt ein internatløysing, for elevar ved Vest-Telemark Vidaregåande skule».

                  Vedlegg

                  Les meir