I medhald av Pbl. § 10 – 1 sender Tokke kommune «Uttale - forslag til Telemarksplanen -Regional planstrategi for Telemark 2024-2028». Uttale er vedlegg 1 i saka.
Tilleggsframlegg 1:Dei fine illustrasjonane som er nytta i utkast til Telemarksplan bør vise til kor i Telemark bileta er teke.Tilleggsframlegg 2 om skog:
Telemarksplanen bør ha kapittel om stell og utnytting av skogressursane i Telemark
Telemark er eit skogfylke med om lag 530.000 hektar skog og ein tilvekst på om lag 2 mill. m³. Den årleg tilveksten har ein verdi på om lag 500 mill. kr om den vert nytta. Sirkulasjonsverdien kan ein multiplisere med 2. Skogen bind 1,5 t CO ² for kvar m³ den veks. Skogen bind 40 % av den CO² Norge slepper ut. Dårleg skogskjøtsel gjev mindre binding av CO². Den har gått kraftig ned siste 10-åra grunna dårleg skjøtsel av skogen. Vi ser rotnande verdiar i skogen vår gjennom billeangrep på skogen. Brutto tømmerpris ferskt virke er no kr 723 pr. m². Energivirke kr 495 pr m³. Det er eit tap på kr 228 pr. m³
· Kva vi tenkjer om utnytting dei 2 mill. m³ skogen veks kvart år?
· Kva tenkjer vi om skogen som råstoff for framtidig industrisatsing -vi hadde ein gong Union i Skien. Nå har vi Vafoss og nokre sagbruk. Resten sender vi ut av fylket og landet.
· Det er ved overgang frå stål, betong og glass til tre at vi gjer kvantesprang i reduksjon av utslipp av CO².
·
Tilleggsframlegg 3 er den samrøystes konklusjonen i uttala frå Vest-Telemarkrådet:
Målsetting:
Alle skal gjennomføre vidaregåande opplæring på sitt nivå. Telemark skal møte framtidas kompetansebehov.
Merknad:
Produsere meir fornybar energi og auke nettkapasiteten.
Merknad:
I Vest-Telemark er det i fleire kommunar bygd ut over 95 % av den vasskrafta som kan byggjast ut. Det er viktig at det er litt vassdragsnatur igjen. Utbygging av alle former for fornybar energi må ta omsyn til at vi står i ein målkonflikt mellom klimaavtala og arealavtala.
Kortreist kraft inneber at det er kort avstand mellom kraftproduksjon og forbruk. Dette var i si tid grunnlaget for etablering av industristader som Notodden og Rjukan/Tinn.
Fordelar med kortreist kraft:
Telemark fylkeskommune bør av omsyn til miljø og effektiv energibruk legge til rette for at kraftintensive verksemder kan etablere seg nær kraftproduksjon.
Kort oppsummert: Industri bør etablerast der krafta vert produsert. Dette vil spare klima for utslepp, redusere nett-tapet og utbygging av infrastruktur betrakteleg, og utnytte lokale ressursar på ein berekraftig måte.
Målsetting:
Prioritere vedlikehald og fornying av dagens fylkesvegar.
Merknad:
Det store etterslepet på fylkesvegar i Telemark - ikkje minst i Vest-Telemark - er ei stor utfordring for næringsliv, busetting og besøksnæringa. Saman med E134, rv. 41 og rv. 36 er dei fylkeskommunale vegane grunnlaget for levande lokalsamfunn i alle delar av Vest-Telemark. I Vest-Telemark er det i praksis ingen alternative transportformer.
Det er avgjerande at vedlikehald av fylkesvegnettet vert prioritert i fylkeskommunen sine budsjett, og at det blir jobba målretta mot NTP for å auke ramma til fylkesvegar. Godt vedlikehaldne vegar gir mange samfunnsmessige fordelar som t.d. betre trafikktryggleik og lågare utslepp.
Vi vil peike på den vellukka strategien/metoden som er brukt på E134 og rv. 41 dei seinare åra, der løpande vedlikehald og investeringsmidlar blir brukt saman for å oppnå nødvendig standardheving på dei statlege vegane i regionen. Mange fylkesvegstrekningar i Vest-Telemark har det same behovet for oppgradering og fornying.
Grensesnittet og samordning mellom regional plan for klima, energi og grøn omstilling, Regional plan for samordna areal og transport i Grenland og Regional plan for samordna areal og transport i Telemark. Det gjeld spesielt kva for arealtema bør bli behandla i kva for planar og korleis desse kan samordnast på tvers av planane.
Samordning mellom dei tre regionale planane er avgjerande for å oppnå ei heilskapleg og berekraftig utvikling i Telemark. Det vil vera naudsynt med kontinuerleg dialog og justeringar mellom dei ulike planane for å sikre at dei blir verande relevante og i takt med dei utfordringane fylket står overfor.
Legge til eit punkt under kategorien «Regional kompetansestrategi for Vestfold og Telemark 2021-2028: «Sikre eit godt boligtilbud, eventuelt ein internatløysing, for elevar ved Vest-Telemark Vidaregåande skule».