Hopp til hovudinnhaldet

Budsjett 2025 - Økonomiplan og handlingsprogram 2025-2028

01

Framlegg frå formannskapet

Innstilling Publisert

1. Budsjett 2025, handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028.

Nytt handlingsprogram og økonomiplan 2025-2028 og budsjett 2028, med vedlegg, skal leggjast til grunn for Tokke kommune si verksemd i perioden og blir vedteke med netto rammer for kvart planområde, og med dei endringar som fylgjer av kommunestyret si handsaming.

a. For skatt på inntekt og formue blir nytta høgaste sats som Stortinget gjev høve til.

b. Kommunale gebyr og eigenbetalingar som ikkje er omtala andre stader i budsjettvedtaket blir auka med inntil 4,1%, eller så langt lov og forskrift gjev høve til det. Kommunedirektøren delegerast mynde til å fastsetje nøyaktige satsar innanfor denne ramma.

c. Kommunedirektøren justerar økonomiplantabellane og investeringsplanen etter endeleg vedtak i kommunestyret.

d. Konsesjonsavgiftene for 2025 – kr 8,3 mill, blir nytta til næringsutvikling/næringsarbeid (ansvar 4100, 4510, 4530 og 4540, 4,3 mill kr) og til dekning av avdrag på investeringar 4,0 mill).

e. Eventuelt endringar på netto driftsresultat for 2025 etter endeleg vedtak i kommunestyret blir justert mot disposisjonsfond.

2. Gebyr, avgifter brukarbetaling

Gebyr, avgifter og brukarbetaling blir fastsett i samsvar med pkt 9 i handlingsprogrammet. Kommunale avgifter, dvs vatn. og kloakkavgifter blir auka med 4,1% i 2025. Renovasjonsavgiftene og slamavgifta blir auka i høve til vedtak i representantskapet i Renovest IKS og feieavgifta blir auka i høve til vedtaket i representantskapet i Vest-Telemark Brannvesen IKS.

3. Inntektsramme for drifta

Driftsbudsjettet for 2025 blir vedteke slik det går fram av tabell 1 og tabell 2.1-2.5 i HP/ØP.

4. Budsjett-tiltak

For å tilpasse driftsrammene til dei fastsatte måla blir det gjennomført budsjett-tiltak i samsvar med Tabell 3 i budsjettframlegget.

5. Fordeling av utgifter mellom etatane

Etatane sine driftsrammer går fram av tabell 1 og 2.1-2.5 i HP/Ø

Vedlegg

Les meir expand_more
02

Forslag frå K. M. Grave (Ap)

Forslag Publisert

Ap, Sv og H – Framlegg til endringar i driftsbudsjett for 2025

PLANOMRÅDE 1 - SENTRALADMINISTRASJONEN 


HenvisningTekstRedusert kostnadAuka kostnad
Pkt. 1.5 - S. 19 Tilleggsnotat Diverse arrangement politisk initsiert. Forslag til vedtak• Redusere denne til kr. 100 000,-200 000,- 

 

PLANOMRÅDE 2 - Oppvekst 






HenvisningTekstRedusert kostnadAuka kostnad




Pkt. 2.4 s. 6 Tiltak og innsp. Endre vedtektene i barnehage og SFO frå 15.08.2025. Forslag til vedtak:• Beheld 10 timars dag Åmdals Verk• Tilsette må ta tre veker samanhengande ferie om sommaren• Stenge Byrte og Åmdals Verk barnehage i skuleferiar (ein frå personalet med til Dalen)• Stenge Høydalsmo barnehage to siste vekene i juli (ein frå personalet med til Dalen)• Ei avdeling ope i Dalen barnehage to siste vekene i juli ?
Pkt. 2.5 s. 6 Tiltak og innsp.Redusere opningstid, dagar i Byrte og Åmdals Verk frå 15.08.2025. Forslag til vedtak:• Beheld opningstidene og vurderar dette i prosessen i 2025 280 000,-



Pkt. 2.7 s. 6 Tiltak og innsp.Avvikle gratis SFO frå 01.08.2025. Forslag til vedtak:• Gjer ingen vedtak om dette no og vurderar tiltaket under prosessen i 2025 etter ei god evaluering om våren 300 000,-



 

PLANOMRÅDE 3 – HELSE OG OMSORG 


HenvisningTekstRedusert kostnadAuka kostnad
Pkt. 3.3 - S. 7 Tiltak og innsp.Reduksjon av førebyggjande tiltak helsestasjon COS-P 50% stilling. Forslag til vedtak:• 50% stilling som COS-P vert vidareført  400 000,-

 

PLANOMRÅDE 4 – PLAN, NÆRING OG KULTUR 




HenvisningTekstRedusert kostnadAuka kostnad


Pkt. 4.1 - S. 8 Tiltak og innsp.Ny kommuneplan- samfunnsdel og arealdel. Behov for ekstern konsulenthjelp. Forslag til vedtak:• Tiltaket vert utsett til 2026. Arealplanar vert prioriserte i 2025 500 000,- 

Pkt. 4.1 - S. 8 Tiltak og innsp.Auke inntekt Soria Moria og bubilparkering. Forslag til tiltak:• Prisauke Soria Moria vert lagt til høgsesongen (sommar), slik at Tokke sine innbyggjarar ikkje vert like mykje råka• Prisauke bobilparkering som foreslege25 000,- 
Pkt. 4.2 - S. 8 Tiltak og innsp.Heiskort Hallbjønnsekken. Forslag til vedtak:• Vidarefører ordninga for 2025 og gjer ei vurdering under prosessen etter årets vårsesong. Dette for å gjere det forutsigbart for drivarar av skitrekket 200 000,-

Pkt. 4.3 - S. 8 Tiltak og innsp.Lønstilskot skuleungdom. Forslag til vedtak:• Vidarefører ordninga som er med på å sysselsetje ungdomen vår 200 000,-

Pkt. 4.5 - S. 8 Tiltak og innsp.Opningstid symjebasseng. Forslag til vedtak:• Opprettheld dagens opningstider• Kostnaden vert dekt med bruk av integreringsfond, då dette er eit særleg bra tiltak for symjeopplæring, møteplass og fellesskap 160 000,-(innsparing for etaten) 

 

PLANOMRÅDE 5 – TEKNISK 


HenvisningTekstRedusert kostnadAuka kostnad
Pkt. 5.3 – TilleggsnotatGrøntplan. Forslag til vedtak:• Arbeid med denne planen vert ikkje prioritert450 000,- 

 

OPPSUMMERING ALLE PLANOMRÅDE 

 Redusrte og auka kostnadar driftsbudsjett 1 510 000,-1 380 000,-
 SUM REDUKSJON 2025130 000,- 

 

Ap, Sv og H – Framlegg til endringar i investeringsplan – Tilleggsnotat 

Nr.NavnSum 2025Utgår i sin heilhetFlytt tilPl.område
8Ravnejuv-250 000,--3 750 000 4
9Turistparkering Skafsåberget-500 000,--1 250 000 4
10Rampestrek Skafsåberget -1.750.000 4
12Lindeviki-700 000,--700 000 4
14Gangveg bryggja m.m.  1 250 000 4
35Kommunale vegar-1 750 000,-  5
40Oppgradering aldersbustadar-1 000 000,-  5
58Pendlarparkering Høydalsmo-600 000,-Redusere frå 40 til 15 park.plassar 5
69Sprinkelanlegg Åheim+1 500 000,-  5
  



Reduksjon investering 2025- 4.800.000



Auke investering 2025+ 1.500.000



Sum reduksjon 20253.300.000



Vedlegg

Les meir expand_more
03

Endringsforslag frå Sp, KrF og MDG

Endringsforslag På vegner av Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Kristeleg Folkeparti Publisert

Vedlagt budsjettframlegg frå Sp, KrF og MDG.

Vedlegg

Les meir expand_more
04

Verbalframlegg frå Sp, KrF og MDG

Forslag Publisert

Vedlegg

Les meir expand_more
05

Forslag frå FrP

Forslag På vegner av Fremskrittspartiet Publisert

Verbalforslag til Budsjettbehandling.

Kommunedirektøren/administrasjonen bes undersøke mulighetene for å få anlagt en

hurtigladestasjon for elbiler i området Åmdals Verk, eller andre nærliggende steder der det er

god nettilgang og kapasitet. Dette bør kunne skje ved et samarbeid mellom Kraftlaget, Tokke

kommune og lade operatører.

Dette for å understøtte Tokke kommune sin reiselivssatsing og overgangen til nullutslipp innen

transport.

Med vennlig hilsen Stål-Inge Gjetmundsen

Tokke FrP

Vedlegg

Les meir expand_more