Hopp til hovudinnhaldet

Formannskapet si tilråding

Tokke kommune gjev eit tilskot på kr 100 000 i 2026 - 2029. Inndekning frå ramma til planområde 4 (ramma aukast i budsjett 2026 og økonomiplan 2026 – 2029).

Kommunale areal som blir stilt til disposisjon for arrangementet skal vere gratis.

Tokke kommune planlegg og deltek saman med andre aktørar, for å ta opp att landbrukstradisjonen som del av Dalsmarken i 2026 . Kostnader blir teke av « støttemidlar » for landbruket.

Behandling

Jarand Felland (Senterpartiet) fremja følgjande forslag:

Tokke kommune gjev eit tilskot på kr 100 000 i 2026 - 2029. Inndekning frå ramma til planområde 4 (ramma aukast i budsjett 2026 og økonomiplan 2026 – 2029).

Kommunale areal som blir stilt til disposisjon for arrangementet skal vere gratis.

Tokke kommune planlegg og deltek saman med andre aktørar, for å ta opp

att landbrukstradisjonen som del av Dalsmarken i 2026 . Kostnader blir teke av «

støttemidlar » for landbruket med inntil kr 100 000,- .

Vedtak

Formannskapet si tilråding vart sett opp mot Jarand Felland (Senterpartiet) sitt forslag

Jarand Felland (Senterpartiet) sitt forslag vart vedteke med 0 mot 21 stemmer.

Formannskapet si tilråding

Forslag frå J. A. Austjore (Sp)

Arbeiderpartiet (6/6)

Fremskrittspartiet (1/1)

Høgre (1/1)

Kristeleg Folkeparti (1/1)

Miljøpartiet Dei Grøne (1/1)

Senterpartiet (10/10)

Sosialistisk Venstreparti (1/1)