← Tilbake

Sak PS 16/25 - Vedtak om deling - Gnr 32 bnr 2 - Deling av grunneigedom - Hellestøda

01
Gildskapsvurdering frå A. J. Antonsen (Frp)
Forslag
Behandlet

Utvalsleiar Alf Johan Antonsen har stilt spørsmål ved gildskapen sin.

Eigedomen til leiar for teknisk utval grenser til eigedomen som vil dele frå nauttomt. Bror til utvalsleiar har vidare veg forbi der det er planlagt parkeringsplass.

Tilrådinga er at Antonsen er ugild, jf. forvaltningslova § 6 andre avsnitt. Vi har ved vurderinga lagt vekt på at eit vedtak i saka kan innebere særlege fordelar eller ulempe for broren til utvalsleiar.

Vedlegg

Les meir
02
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

1.Teknisk utval gjev med heimel i plan- og bygningslova § 19-2 dispensasjon frå plankrav i kommuneplanens arealdel § 1.1.1 og frå strandsonevernet i plan- og bygningslova § 1-8 for frådeling av det tidlegare bygsla naustet på gnr. 32, bnr. 2 i samsvar med kart, datert 19.11.2024

Dispensasjonen kan gjevast då omsyna som ligg til grunn for arealføremålet ikkje blir vesentleg tilsidesett. Fordelane ved å gi dispensasjon er samla sett vurdert til å vere større en ulempene. Det blir lagt vekt på at dette er eit eldre eksisterande naust, og tomtearealet vil ikkje ha betydning for ei seinare regulering. Når det gjeld dispensasjon frå strandsonevernet så er vernet sett for at det skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. Vi kan ikkje sjå at dette vert vesentleg forringa ved at nausttomta vert skilt frå eigedomen elles og overført til nye eigarar.

2.Teknisk utval godkjenner frådelingssøknaden med heimel i plan- og bygningslova § 20-1 med følgjande vilkår:

  1. Frådelinga gir ikkje løyve til endringar på naustet eller tomta elles.

    Følgjande dokument ligg til grunn for godkjenninga:

    • Kart, datert 19.11.2024

      • Veg- og bruksrett, datert 29.11.2024

        • Vegrett, datert 23.01.2024

          Vedlegg

          Les meir