Ulstein kommune reduserer talet på barneskular frå fire til to, og gjennomfører følgjande tiltak:
Ulstein og Haddal skular vert lagt ned frå skuleåret 2026/2027 og elevane vert overførte til Ulsteinvik barneskule.
Ulstein skule vert ombygd til ny sentrumsbarnehage.
Haddal skule vert teken i bruk til kontorføremål og utleige.
Tiltaka skal gjennomførast innanfor økonomiske rammer, prinsippa om barnets beste, god medverknad og berekraftig utvikling.
Saka vert lagt ut til offentleg ettersyn og frist for å kome med innspel er 10.8.2025.
Levekårsutvalet vil vente med å ta endeleg stilling til skulestruktur til etter at høringsprosessen er gjennomførd.
Levekårsutvalet støttar at kommunedirektøren si tilråding vert sendt ut på høring, men vil oppmode dei som uttalar seg i høringa om å vurdere også dei andre alternativa. Før utvalet vil ta endeleg stilling til kommunedirektøren sitt framlegg om skulestruktur, ønskjer levekårsutvalet at det i høringa vert stilt konkret spørsmål om kva som er Haddal og Eiksund sitt primære ønskje om skulestad, Ulsteinvik eller Hasund, dersom kommunedirektøren sitt framlegg om nedlegging av Haddal skule får fleirtal i kommunestyret.
Levekårsutvalet vil også be dei tilsette sine organisasjonar om å kome med innspel om læringsmiljø og om situasjonen for dei tilsette, og om kva som bør vektleggast frå kommunen som arbeidsgjevar i den komande prosessen.
Levekårsutvalet vil også tilrå at trafikktryggingssituasjonen ved Hasund skule vert gjennomgått. Dette vert særleg aktualisert dersom elevane frå Haddal skule skal flyttast til Hasund.
Levekårsutvalet vil også gi uttrykk for at administrasjonen har lagt ned eit godt og klargjerande grunnlagsarbeid i denne saka, og vil særleg peike på dei gode forslaga om vidare bruk av Ulstein og Haddal skular ved eventuell nedlegging av skulane.
Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne vil vente med å ta stilling til skulestrukturen men støttar intensjonen om å legge det ut på høyring.
Dei ber om at det blir tatt ei konsekvensanalyse for barn og unge med funksjonsnedsetting som tilhøyrer skulane som er føreslått nedlagt før endeleg vedtak.