← Tilbake

Sak PS 09/24 - 24/818 - Overtredingsgebyr for anleggsveg i strandsona - Oshaugen - gnr. 7, bnr. 432

01
Spørsmål om gildskap
Forslag
Behandlet

Bjørn Gunnar Tafjord stiller spørsmål om gildskap då vegen til anleggsområdet går delvis over Tafjord sin nausteigedom og at han er ven med tiltakshavar.

Tilråding: Tafjord er ugild jamfør forvaltningslova § 6 andre ledd, jamfør rettsdata sin lovkommentar til forvaltningslova § 6 første ledd bokstav a.

Vedlegg

Les meir
02
Kommunalsjefen si tilråding
Innstilling
Behandlet

Teknisk utval viser til tidlegare delegert vedtak nr. 34/23, datert 03.03.2023 og nytt delegert vedtak nr. 194/23, datert 12.10.2023 der det vart gjeve pålegg om fjerning av ulovleg etablert anleggsveg i strandsona og fjerning av tilførte stein- og jordmasser. Utvalet viser også til førevarslinga om overtredingsgebyr i brev datert 05.12.2023.

Med heimel i plan- og bygningslova (PBL) § 32-8, 1. ledd bokstav a, jf. SAK 10 § 16-1 bokstav c nr. 2, vert det gjeve overtredingsgebyr for etablering av anleggsveg og tilføring av stein- og jordmasser i strid med strandsonevernet i PBL § 1-8, regulert friområde og søknadsplikta i PBL § 20-1 som følgjer:

kr 10 000 til tiltakshavar Øyvin Sønnesyn, eigar av gnr. 7, bnr. 432

kr 50 000 til foretaket Fido AS, org. nr. 922 090 114

Teknisk utval grunngjev overtredingsgebyra med at utvalet ser svært alvorleg på tiltaket som har brote med fleire sentrale føresegner i plan- og bygningslovgjevinga. Både tiltakshavar og entreprenør burde ha forstått at det utførte arbeidet var søknadspliktig, og i alle høve innehenta nærare informasjon frå kommunen før igangsetting. Det framstår som skjerpande at dette er arbeid i strandsona der ein skal utøve særskilt varsemd, jf. PBL § 1-8. Teknisk utval meiner difor at handlingane overtredingebyra gjeld har vore aktlause.

Vedlegg

Les meir